Rugsund Handelsstad

God jul og godt nyttår!

  • 31.12.2016, 19:40


Vi mimrar tilbake om kvit jul og tenkjer på kjekke stunder med kundar, familie og venner i året som har gått.
Gode ynskjer til alle!

#godjul, #godtnyttår, #2017, #winter, #marrychristmas, #happynewyear, #2017, #rugsundhandelsstad
 

Oppussing av "Onkelrommet"

  • 31.12.2016, 00:42




November 2015 blei "Onkelrommet" i hovedhuset pussa opp. 
Rommet blei kalla dette fordi "onkel Kristian" hadde det som soverom då han kom heim frå Amerika.

Svalen Kafè

  • 11.08.2016, 00:21


Koselig, historisk festlokale til møter, dåp, konfirmasjonar, bursdagar o.l.

Langbord 30 stk/ Småbord 35 stk.


Historisk

Svalen Kafè sine lokale ligg både i "Landhandelen" og i sjøbuda "Svalen" som blei bygd saman i 1954. 
Svalen Kafè hadde sin fyrste kunde den 07.07.2007. Den ikkje ukjende fotballspelaren Vidar Davidsen (med følge) blei servert kaffi og nysteikte vafler. Svalen Kafè var fyrst og fremst ein sommarkafe men hadde og arrangement på bestilling og i eigen regi resten av året. Familien Skaar dreiv sommarkafeen ved sidan av andre jobbar/ studier til og med ut sommaren 2014.

Tidlegare var det kontor i den delen av kafèlokalet med blå panelveggar. I den delen med tømmerveggar så var det lager til butikken. Der blei det lagra alt frå sirup, smørolje, spiker, kjetting, årer, biksel og pumper for bensin og parafin. Den eine bensinpumpa heng framleis til utstilling.
 

Nytt tak på Sildekommen

  • 03.08.2016, 19:40




Sommaren 2016

Historisk

"Sildekommen" blei nytta til midlertidig lagring av sild frå den kom med båtane og til den blei salta og lagt i tønner. 

Ny veg!

  • 01.08.2016, 20:01


Den gamle vegen er sjarmerande men smal.



Nye vegen


Vegen går over haugen frå parkeringsplassen....


 
...og ned til handelsstaden på andre sida.

Vegen var ferdig vinteren 2016 og har gjort livet på handelsstaden mykje enklare!
 

Bakeriet

  • 01.08.2016, 18:14




Fullt utstyrt kjøkken
Stove
(mulighet for dobbelseng på sovesofaen)
Kjellarstove med grue og bakarovn
Bad med vaskemaskin
2  soverom
(1 dobbelseng eller 2 enkle sengar på kvart rom)
Stor frysar
Gratis internett

Mulig å setje inn ekstra sengar/flatsengar

Historisk
Huset vert kalla "Bakeriet" sidan det tidlegare var bakeri. Fiskebåtane kom inn og tinga brød til neste tur. Bakaromnen i kjellaren er restaurert og rommar omlag 50 runde brødkaker.

Bakeriet blei og brukt som tingstove.

Nyhende!

  • 01.08.2016, 17:43


Her vil de bli oppdatert om smått og stort som skjer på handelsstaden!

_______________________________________________________________________________________________________________

rugsundhandelsstad.blogg.no



Vi går no over til blogg som hovudbase på internett og føler oss svært moderne med det!
Bloggen vår er framleis i startfasen, men vi gledar oss til å utvikle den vidare så 
følg med!

_______________________________________________________________________________________________________________

Opningstider


Vi har ope heile året.
Ta kontakt på tlf.  så opnar vi så sant vi kan.


Båtturistar kan bruke sjølvbetjeningskassa på "Oljehuset".

NB!
Svalen Kafè er stengt for dagleg drift!

_______________________________________________________________________________________________________________

 

Butikkloftet

  • 01.08.2016, 15:51


Fullt utstyrt kjøkken
Stove
Bad 
2  dobble soverom
(mulig med 1 dobbelseng eller 2 enkle sengar på begge rom)
1 enkelt soverom
Eiga terrasse
Frysar
Gratis internett

Mulig å setje inn ekstra sengar/flatsengar

Historisk

På Rugsund Handelsstad var det tidlegare tingstove i "Bakeriet" og 
"Butikkloftet" var då, til omlag midt på 1950 talet, bustad for  "skrivar" og "fut" med 2 soverom og ein kjøkkenkrok.

I 1954 blei "landhandelen" og "butikkloftet" rive og bygt opp att pga. modernisering. Då bygde dei og landhandelen saman med sjøbuda "Svalen".

______________________________________________________________________________________________________________________________

"Skrivar"
"(eg. '(ed)svoren skriver'), leder av en tingrett. Tidligere ble tittelen brukt om embetsdommeren i landdistrikter, mens domstollederen i byrettene hadde tittelen justitiarius, eller, hvis det bare var én dommer i byretten,byfogd. Fra 1. januar 2002 skiftet by- og herredsrettene navn til tingretter, og samtidig fikk lederne av alle tingretter tittelen sorenskriver. Foruten dommer i straffesaker og sivile saker, er sorenskriveren som regel også skiftedommer, namsdommer og notarius publicus, i tillegg til at han eller hun også er leder av vedkommende tingrett".
Sorenskriver. (2013, 21. november). I Store norske leksikon. Hentet 10. august 2016 fra https://snl.no/sorenskriver.

"Fut"
"Fogd, i dialekter oftest kalt fut, var tidligere den norske politi- og oppebørselsmyndighet (skattemyndighet) i større landdistrikter(fogderier). Fogden var underøvrighet og utøvende rettsbetjent. Opprinnelig var fogden den lokale betjenten hos en lensherre
Fogd. (2015, 11. mars). I Store norske leksikon. Hentet 10. august 2016 fra https://snl.no/fogd

Mjølloftet

  • 01.08.2016, 15:50




"Mjølloftet" ligg i 2.etg i den eldste sjøbuda "Svalen" på handelsstaden.

Fullt utstyrt kjøkken
Frysar
Stove med familiekøyseng
Bad med vaskemaskin og stellebord
1 soverom
(mulig å leige 2 dobbletrom til i same etg.)

Mulig å setje inn ekstra sengar/flatsengar


Historisk
Leiligheta vert kalla "Mjølloftet" pga. at det blei lagra mjøl der i gamle dagar. Du kan framleis sjå merka i det originale golvet der stolpane til mjølbingane stod .Sjøbuda som leiligheta er i vert kalla "Svalen" fordi den tidlegare hadde svalgangar på både oppsida og nedsida. Dei vart seinare kledd igjen. "Svalen" er truleg den eldste bygningen på handelsstaden og er datert tilbake til midten av 1600-talet.

Verkstaden

  • 01.08.2016, 15:47


under red.

Historisk

 

Svalsloftet

  • 01.08.2016, 15:47


underred.

Rugsund Paintball Klubb

  • 01.08.2016, 15:35


under red.

Strender

  • 01.08.2016, 14:21


Gloføykje

Grotlesanden

Refviksanden

Fjellturar

  • 01.08.2016, 14:20


Hornelen

Tua

 

Tongane

  • 01.08.2016, 14:20


under red.

Rugsund Handelsstad

Handelsstaden frå midten av 1600 talet eig og driv familien Harald og Marie Skaar. Dei ynskjer å restaurere og bevare den freda bygningsmassa som var barndomsheimen til Harald. Det gjer dei ved dele heimen sin med andre gjennom ulike servicetilbod. Har du spørsmål, ynskjer å bestille overnatting eller festlokaler så ta gjerne kontakt. Tlf: 57 79 42 19 Mob: 91 31 49 61 - 91 89 64 94 E-post: rugsund@gmail.com Adresse: Rugsund Handelsstad 6734 Rugsund

Search

Bloggdesign

Design og koding av KvDesign - www.kvdesign.no
hits